Har halde på sidan 1948, no kan dei vinne pris: – Me får meir og meir spørsmål om straumsparing og smartstyring
Med grønt skifte og høgare straumprisar manglar det ikkje på oppdrag for elektrikarane i Hallingdal.
Kilde: Hallingdolen.no
Det fortel Geir Treverket Hovda, dagleg leiar i Elektroservice Hallingdal Installasjon AS. Firmaet feirar 75-årsjubileum i år, og har over femti tilsette fordelt på tre avdelingskontor.
– Det har vore spesielle tider ei stund. Fyrst med ein pandemi og meir enn nok å drive med. No er det utfordringar med økonomien i samfunnet generelt, at alt har vorte dyrare og alle har vorte opptekne av straumsparing, seier Hovda.
Han er ikkje redd for at elektrikarane skal få færre oppdrag i nedgangstider.
– Hyttebygginga har vore viktig, men me driv med alt innan elektro. Me har kundar innan både næringsbygg og privatmarknad. Det er frå industri, storkjøken, smartstyring og smartmåling til stikkontaktar og ladarar for elbil.
Grøn og smart
Høgare straumprisar og meir fokus på energieffektivisering har ført til fleire spørsmål om straumsparing og smartstyring. Både frå privatpersonar og større bedrifter.
– Me får mange spørsmål om slike ting. Me har sett endringane, men tenkte ikkje at det kom til å skje så fort som det har gjort no. Men plutseleg skal folk lade både ein og to elbilar. Og me merkar òg at det er slutt på lysstoffrøyr, ved å bytte til led kan kundane spare mykje.
– Kva lurer folk på?
– Det går mykje i straumsparing. Og under det både smartstyring, smartmålar på varmtvasstankar, skifting av lys osv. Også er solcelle eit tema.
Han trur det berre blir meir behov for å utdanne fagfolk framover.
– Alle må ha straum for at ting skal fungerer i dag. Og her oppe må me vere allsidige, me hjelper både fru Hansen og større bedrifter. Det er det mange fordelar med.
Treng folk
Med over 50 tilsette i fleire kommunar meiner Hovda firmaet har eit ansvar for å ta inn lærlingar og hjelpe til med rekruttering i bransjen.
Fokuset på lærlingar er eit av punkta juryen trekk fram i nominasjonen. Dei har både dei som har gått vidaregåande skule og dei som kjem som «vaksenlærlingar» med annan bakgrunn.
– Med tanke på størrelsen vår har me eit ansvar for å ta inn lærlingar og sørge for at det blir utdanna elektrikarar i dalen. Det er eit stort behov for rekruttering i bransjen vår. Og ei undersøking eg såg for nokre år sidan hadde elektrikar på lista over fagfolk ein kom til å trenge mange av i framtida.
At firmaet er ein av seks nominerte til Næringsprisen synest Hovda og dei tilsette er gjævt.
– Det er overraskande, men veldig hyggeleg. Eg vart glad då me fekk beskjeden, og det å vere på den lista set me veldig pris på.