Maisen Fosse er kåra til årets lærling i Buskerud. – Ein elektrikar som viser stort engasjement for faget, og utøver stor stoltheit i arbeidet sitt, seier juryen.
Juryen meiner ho er til stor inspirasjon for andre kvinner som vel å ta yrkesfagleg utdanning. I dag er Fosse ei av tusen kvinner som arbeider innanfor elektrofaget.
29-åringen frå Ål vart elektrikarlærling for snart fire år sidan.
Teori og praksis
Då hadde ho først gått tre år ved dramalina på vidaregåande skule, og etterpå starta ho å studere. Men ho hadde eit ønske om å gå i ei meir praktisk retning.
Ho kontakta firmaet som ho no har hatt læretida i, farfarens gamle elektrofirma. Og Elektroservice Hallingdal takka ja til å ta henne inn som lærling. I september fekk ho det synlege beviset på fullført utdanning, eit fagbrev med «Bestått svært godt». Den beste karakteren ein lærling kan få.
Stor motivasjon
På nyåret kom også beskjeden om at ho hadde blitt kåra til årets elektrikarlærling i Buskerud 2023.
– Det var ein overraskande beskjed å få! Eg må seie det var veldig gøy, og det har gitt meg stor arbeidsmotivasjon vidare.
I dag er ho fast tilsett og stortrivast i jobben.
– Det er eit veldig fint miljø, og me har det kjekt saman. Det er mykje å gjere for tida, men det synest eg berre er kjekt.
Eit yrke for alle
Ho fortel at yrket byr på mykje variasjon og forskjellige arbeidsdagar.
– Me som er handverkarar i Hallingdal er veldig heldige. Det er mykje variasjon i arbeidsoppgåver, frå kommunale bygg, bustadhus, til store prosjekt eller skuterturar til og frå hytter. Og ofte kan du få med deg både soloppgang og solnedgang på veg til jobb, seier Fosse
– Kven passar som elektrikar?
– Eg vil anbefale det til alle som likar å gjere praktisk arbeid. Ein kan fint vere jente og vere elektrikar utan problem. Det einaste er at eg av og til må bruke stigen litt meir enn nokre av dei andre, seier ho med eit smil. Planen vidare er å jobbe seg oppover.
– Eg vurderer å ta vidareutdanning på sikt, og ser på fleire moglegheiter. Men eg veit i alle fall at eg ikkje vil gro fast inne på eit kontor.
Utmerka seg
Frank Ivar Guneriussen er regionssjef i Nelfo Buskerud. Fredag kom han, saman med resten av juryen, for å delta på utdelingssermonien på Skarsnuten i Hemsedal. Guneriussen fortel han kvifor dei landa på Maisen som årets lærling.
NELFO
* Landsforeining i NHO og organiserer elektro-, ekom- og heisbedriftene.
* Vart etablert i 1913.
* Kårar kvart år årets elektrobedrift og årets lærling.
* Har som mål å vere tett på medlemsbedrifter, og skape gode møteplassar, anten det er digitale kurs, i sosiale medier eller gjennom marknadsrelaterte analysar.
Kjelde: Nelfo.no
– Me sat igjen med ei kort liste av aktuelle kandidatar, men landa raskt på Maisen. Ho utmerka seg under læretida, med stå-på-vilje og evne til å løyse utfordringar sjølv. Ho er ein elektrikar som viser stort engasjement for faget, og utøver stor stoltheit i arbeid sitt.