Maisen, Helle og Mina selde inn yrket sitt med humor

Maisen, Helle og Mina selde inn yrket sitt med humor: – Eg spør kanskje oftare om kvar toalettet er

 

Det er ikkje berre godt vaksne næringslivstoppar som står på scena under Hallingdalskonferansen. I år slapp ungdommen til i fleire omgangar.

Kilde: Hallingdølen.no

96,7 prosent av alle elektrikarar er menn. Dei tre damene i Elektroservice Hallingdal ser ingen grunn til at det skal halde fram slik. Hallingdølen har tidlegare skrive om dei tre unge kvinnene som har vald eit mannsdominert yrke.

Eller, «enn so lenge mannsdominert», som Maisen Fosse sa til forsamlinga under Hallingdalskonferansen. Både ho og kollegaene Helle Steffensen og Mina Elise Hole håpar på fleire kvinnelege kollegaer i framtida.

– Det går an å vere dame i dette yrket også, oppmoda Fosse.

Ikkje noko problem!

Innlegget deira frå scena var uformelt, lett og lite problematiserande. Dei sette ikkje fokus på kva utfordringar kvinner møter i jobben som elektrikar. Etter alt å døme er det ikkje snakk om store skilnaden uansett.

– Eg spør kanskje oftare om kvar toalettet er. Eg kan ikkje gå ut på do i 20 minusgrader på Ustaoset slik som mannfolka kan, sa Helle Steffensen til høg latter frå publikum. I blant må ho også understreke behovet for ein stige, noko mannfolka oftare slepp å tenkje på.

– Snitthøgda på oss tre er vel om lag 1.60, la ho til. Elles er det ikkje mykje å peike på, var kvinnene samde om.

Ombestemte seg som vaksen

Alle tre bur og jobbar i Hallingdal i dag. Helle Steffensen som opphavleg kjem frå Bergen, tok med flyttelasset på grunn av kjærleiken.

Kollega Maisen Fosse kunne melde at ho tok fagbrevet i juni til stor applaus frå salen. Ho har gått yrkesfag i vaksen alder, og er nettopp ferdig med fire års lærlingtid.

– Eg torde ikkje gå yrkesskulen då eg var femten år. Det var for dei «tøffe gutane». Heldigvis ombestemte eg meg og er veldig glad for det, sa ho frå scena.

Relatert informasjon

Dei er tre av tusen kvinner i yrket

Dei er tre av tusen kvinner i yrket

Dei er tre av tusen kvinner i yrket: – Det hender folk spør om dei skal hjelpe oss å bere, då blir eg fornærma Dei tre elektrikarjentene meiner...

Pin It on Pinterest