Dei er tre av tusen kvinner i yrket

Dei er tre av tusen kvinner i yrket: – Det hender folk spør om dei skal hjelpe oss å bere, då blir eg fornærma

Dei tre elektrikarjentene meiner fleire jenter burde sjå moglegheitene ved yrkesfag og eit fagbrev.

Kilde: Hallingdolen.no

 

– 16 år gamal hadde eg ikkje turt å velje elektro. Eg valde drama og gjekk på Gol vidaregåande som «alle» andre, seier Maisen Fosse.
29-åringen frå Ål vart elektrikarlærling for snart fire år sidan. Då hadde ho gått tre år med drama på vidaregåande skule, og studert etterpå. Men noko i ho ville gå ein meir praktisk retning.

Ho kontakta firmaet ho no har læretida si i, farfarens gamle firma. Og fekk ja frå Elektroservice Hallingdal.
– Eg har aldri angra, og stortrivst med valet eg tok, seier Fosse. Etter kvart fekk ho selskap av Mina Elise Hole (21), som har teke fagbrev som montør, og Helle Steffensen (25), som no er fyrsteårs lærling.

Mina Elise Hole og Helle Steffensen meiner arbeidsdagane i elektrikarbransjen er fine.
– Eg trur det er meir vanleg med kvinner i handverkaryrke i større byar. Men det blir nok fleire i Hallingdal også etter kvart, seier Steffensen.

Valde praksisvegen

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at dei framleis tilhøyrer eit mindretal, i 2021 var berre 3,2 prosent av elektrikarane kvinner. Men bransjen melder om at det har vore ein auke.

– Eg har opplevd at karane rettar seg litt i ryggen og passar på kva dei seier. Men det treng dei ikkje, me er ikkje laga av porselen, seier Fosse.

Ho og kollegaene er tre av kring 1000 elektrikarutdanna kvinner i Norge. Dei har hatt ulike vegar inn i yrket. Mina Elise Hole kom til Hallingdal då ho starta på vidaregåande på Ål. Ho er den einaste av dei tre som søkte seg til faget då ho var 16, og har teke fagbrev som montør etter vidaregåande skule og to år læretid.

Også Steffensen, som er frå Bergen, vart lærling i vaksen alder. Ho flytta til Geilo i lag med ein sambuar som er tømrar, og har mellom anna vore innom sangline, jobba i blomsterbutikk og køyrt medisinlevering før ho vart lærling i fjor.

– Eg har jobba mykje med tømmer. Då må eg fram med motorsag og fres, og springe etter når dei legg tømmeret for å bore hol og gjere ting skjult. Veldig kjekt, meiner Maisen

– Dette er mykje kjekkare enn å sitje bak ein kontorpult heile dagen. Og så blir du meir handy elles i livet òg. Du lærer å handtere verktøy og ordne ting utan hjelp, seier ho.

Mange moglegheiter

Fosse nikkar, men fortel om ei bratt læringskurve for dei som starta som lærlingar utan teorifaga i botnen.

– Det fyrste året kalla eg ting for duppedittar, for det var så mykje forskjellig. Men så skjønner du at ein skrue ikkje er ein skrue, og at det er skilnad på kablar.

Dei to lærlingane har begge vurdert vidare utdanning når dei er ferdig med fagbrevet. Ikkje fordi dei ikkje trivst i bransjen, men fordi dei vil sko seg betre i eit yrke som for mange er fysisk krevjande. Dei trekkjer fram variasjon som ein stor fordel med yrket. Det er mange vegar å gå. Dei er glad for å ta læretida si i Hallingdal, og ikkje i ein større by.

– Eg veit om lærlingar som ikkje har lært å leggje varmekablar fordi dei berre har jobba på store bygg med vassboren varme. Me er heldige som får prøve så mykje forskjellig, meiner
Helle Steffensen som er fyrsteårs lærling.

– Me som er handverkarar i Hallingdal er veldig heldige. Me har så mykje variasjon. Det er kommunale bygg, bustadhus, store prosjekt og skuterturar til og frå hytter. Og ofte kan du få med deg både soloppgang- og solnedgang på veg til jobb, seier Fosse.

Overraskar mange

Sjølv om kvinneandelen har auka i desse yrka dei siste åra, hender det likevel at dei opplever å bli behandla annleis enn dei mannlege kollegaene.
– Me har veldig fine dagar her. Det er veldig flinke og ålreite folk, seier Mina Elise Hole og Helle Steffensen, som jobbar på kvar sin avdeling

– Det er fleire som opnar døra eller spør om dei skal hjelpe meg å bere, men ikkje den mannlege kollegaen min. Då blir eg litt fornærma. Det kjem frå ein god plass, men kvifor skal eg trenge det meir enn han, spør Steffensen.

Dei har likevel flest positive erfaringar. Fosse fortel at mange vart overraska då ho dukka opp i starten, som einaste kvinne i firmaet.
– I eige firma har det alltid vore bra, men det har vore nokre kommentarar utanfrå som ikkje har vore så kjekke. Då var eg glad eg var litt eldre og kunne seie ifrå når det ikkje var greitt, fortel ho.

At dei no er tre kvinner i same firma meiner dei er ein fordel. Det finst også eit eige kvinnenettverk, som dei kan ta opp ting med om det skulle dukke opp utfordringar.
– Det er fine dagar på jobb, sjølv om me kan ha både 20 minus og 30 varmegrader, seier Mina Elise Hole og Helle Steffensen

– I dei større byane er det vanleg med kvinner i handverkarbransjen. I Hallingdal er det nokon, men ikkje så mange. Det er fint å ha nokon å prate med om det er utfordringar, seier Steffensen.

Relatert informasjon

Vi er nominert til næringsprisen 2023

Vi er nominert til næringsprisen 2023

Har halde på sidan 1948, no kan dei vinne pris: – Me får meir og meir spørsmål om straumsparing og smartstyring   Med grønt skifte og høgare...

Pin It on Pinterest